Landbruks og matminister besøker seniorbonden i Finsland.

Då Olaug vitja Frigstad!

Eg bur på garden Frigstad i Finsland, ein gamal gard med busetjing langt tilbake i hedensk tid. Plassen har fått namnet etter gudinna for kjærleik, Frigg, grunna at det var en offerplass til henne bak huset her.

Her i bygda har me en kommunepolitikar som represernterar KRF. Han er frå Trøndelag og utdanna prest. Han har i lenge ivra for at landbruksministeren skulle vitja bygda og at ho skulle vitja garden her. Eg må erkjenna at eg er svak for denne gudinna Frigg, så eg har gjort meg mine tankar om kvifor ho skulle akkurat hit! Nok om det.

Onsdag denne veka ringa han og snakka om århundrets hendelse, javel sa eg, han er trønder og snakka på blåtann i bilen så eg fekk med meg mest ingenting av det han sa. Går fint det sa eg uten eg visste kva eg svara på.

Neste dag på føremiddagen ringa varaordføreren i Kr.sand, Jørgen Kristiansen KRF, og sa at me kjem på besøk kl 13.30 med landbruksministeren og eg håpar på å få media på slep. Bare kom sa eg, alltid gildt med besøk.

Halv to kom dei, utan media og det gjorde ingenting for då kan en oppføra seg som en pleier. Eg hadde fått på plass et par bønder i tillegg til meg sjøl, bondelagslederen i lokallaget og samdriftspartnaren hans for at me skulle væra en liten flokk.

Olaug hadde med seg rådgjevaren sin, Erlend og så var det dei to tidligare nemnte frå KRF.

Eg ynskte ministeren velkommen til denne hedenske plassen og presenterte meg som best eg kunne – Æ du frå Onnai (lokal uttale av Undheim) du ,sa Olaug. Stemme det sa eg og du heiter vel eigentlig Bodlest ( lokal uttale av Bollestad). Dermed var tonen slegen an for vitjinga. Me hadde fleire felles kjente viste det seg au.

Me hadde fyrst litt drøs på tunet der alle fekk presentert seg og sagt litt om seg sjøl og om bygda her.

Det er jo lokalvalg iår og frå nyttår av er me som driv med landbruk her å rekna som bønder i byen sidan kommunen vår, Songdalen, er innlemma i Kristiansand. Me er jo spent på korleis dette vil gå når en flokk byfolk som knapt veit forskjel på ku og okse skal sitja i byen og styra over en avkrok langt vekke frå der dei sjøl helde til og syslar med sitt. Dette at dei har så lite peiling på kva me stellar med vil eg tru me nok i nokon grad kan dra nytte av.

Eg inviterte fylgje inn i residensen og me benka oss rundt bordet i finstova. Kona visste ingenting om denne vitjinga så eg stod sjøl for serveringa, årets ripssaft, kaffi og ei krydderkake frå juletider som låg innerst i ein krok på kjøleromet ( seinare på dagen då hustru kom heim og skulle setja ein kopp i oppvaskemaskinen fekk eg spørsmål om eg hadde hatt besøk og kva eg hadde servert, stemningen er i ferd med å verta normal nå 3 dagar seinare)

Rundt bordet gjekk praten livlig, me bønder fekk løfta fram ting me er opptekne av både lokalt og på høgare nivå. Eg vil kalla det uformelle samtalar, tonen er lausare når media ikkje er tilstades og prøvar å laga saker av filleting som ikkje betyr noko.

Oppsummert så var me einige om at alle gjekk herifrå me nyttig lærdom. Ministeren innga tillit , samstundes som me er klar over at ho ikkje er åleine om å styra bondenæringa.

Eg hadde på førehånd tenkt å stilla ho eit spørsmål om kor store mengder kamelkjøt me importerer her til lands, både i KRF og andre parti har det i seinare tid utan tvil vorte svelgd mange av desse dyra! Men sidan stemninga var så god ville eg ikkje øydeleggja med å spørja om det. I tillegg har eg opp gjennom livet lært meg at skal du koma på godlag med kvinnfolk må du ikkje starta med ting som gjev dårleg stemning.

I det heile en trivelig ettermiddag som vart avslutta med at bonden fekk med seg Olaug opp i utsiktstårnet på låvetaket for å syna henne noko av eigedomen, og for at ho skulle minnast då ho var på vitjing i Finsland.

Ein minnerik dag!

Rune Undheim

seniorbonde